Project Description

Klipte du nokon gong snøkrystallar og hengte opp i vindauge som barn?

Norsk-danske Karen Bit Vejle har teke denne kunstformen til heilt andre dimensjonar og er rekna som ein av verdas fremste papirklipparar. No står ho andsynes si livs største utfordring. Ho må kjempe ein intens kamp med tida, saksa, og sjukdomen ho lir av – alt for å nå sin store draum!

Heilt sidan ho var lita jente har Karen Bit ( i det daglege kalla Bit) brilliert med saks og papir. Florlette, og intrikate papirklipp som frå ei eventyrverd har blitt trylla fram mellom hendene til Bit. Og heilt sidan ho var lita jente, har ho og hatt ein stor draum: Ho vil stille ut i Kina! Landet vert rekna som høgborga for papirklipp, med ein fleire tusen år gamal psaligrafi-tradisjon.

Men når sjansen endeleg byr seg, startar og ein knallhard kamp for Bit. Ho lir av sjukdomen ME, også kalla kronisk utmattingssyndrom, og er i periodar så dårleg at ho må ligge til sengs. Kreftene forsvinn, stemma, evna til å gå skikkeleg, og ikkje minst; evna til å klippe kontinuerleg. Det vert eit kappløp med tida og ambisjonane om å klippe sitt største meisterverk!

– Filmen reflekterer rundt den universelle kampen vi alle kan oppleve: Å kjempe for noko i høve eigen kapasitet, vilje og kraft, seier regissør Gry Molvær Hivju som saman med fotograf Tor Sivertstøl i Tindefilm har fulgt Bit gjennom ei periode på over to år.

Få i Europa, og kanskje heller ikkje i verda, klipper psaligrafi på eit så høgt teknisk og kunstnarisk nivå som Karen Bit Vejle. Bit har hatt store utstillingar i USA og Europa, samarbeidar med det danske design-konsernet Georg Jensen, og har laga spesiallbestilte klipp for det franske motehuset Hermès. Næraste åra ventar og utstilling i vidgjetne Sassoon Gallery i London.

Bit har ein enorm vilje og eit indre trykk ho knapt veit korleis ho skal tøyle. Samstundes har ho ein sjukdom som gjer ho totalt utmatta. Kvar dag forgår det ein kamp i sinnet og i kroppen hennar, der dei enorme kreative ambisjonane bølgjar opp mot overflata. – I tillegg til det unike talentet, er det hennar indre kamp som fascinerer oss og inspirerar oss, seier Molvær Hivju.

Formspråket i filmen rekflekterar rundt Bit sin indre kamp, og eitt av dei mest sentrale verka ho har klipt; Ballerina Bulldog.

Filmen om Karen Bit Velje ble nominert i klassen beste norske dokumentar under Bergen Internasjonale Filmfestival (BiFF)

Prosjektinfo

Tittel:
Bit – Ballerina Bulldog

Produksjonsselskap:
Tindefilm as

Lengde:
54 min.

Regi:
Gry Molvær Hivju

Produsent:
Hilde Nerland

Fotograf/klipper:
Tor Sivertstøl

Manus :
Kristofer Hivju

Musikk:
Sylvia Strand og Jonathan Gregory