Tor Sivertstøl
Tor Sivertstøl
Hilde Nerland
Hilde Nerland
Gry Molvær Hivju
Gry Molvær Hivju
Kristofer Hivju
Kristofer Hivju

Tindefilm er eit filmselskap lokalisert i Møre & Romsdal og Oslo.

Tor Sivertstøl har mange år bak seg i NRK. Der jobba han mest med suksess-serien «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». I 2012 slutta Tor i NRK for å lage filmen Lysleite, dette vart første film produsert av Tindefilm.
Han fekk i 2014 Gullruten sin pris for beste foto for filmen.

Hilde Nerland er produsent og dagleg leiar i Tindefilm. Ho har blant anna bakgrunn frå NRK, TV2 og TVInter som journalist/reporter, produksjonsleiar, regi, researcher og produsent.

I 2015 fekk Tindefilm eiga avdeling i Oslo, med paret Gry Molvær Hivju og Kristofer Hivju på eigarsida.

Gry Molvær Hivju er dokumentarfilm- regissør, programleiar, og kunstnar. Molvær Hivju starta karriera si i NRK der ho mellom anna var programleiar for Schrødingers katt i mange år. Ho har hatt regi på filmane Havlandet, Rundeskatten, Herdalshuldra, Bit Ballerina Bulldog, og har i tillegg brei reportasjeerfaring. Molvær Hivju har motteke fleire språkprisar, og ho har hatt fleire utstillingar med kunstfotografia sine.

Kristofer Hivju er skodespelar, dramaturg og manusforfattar. Han er mest kjend for rollene sine i Game of Thrones, The Thing, After Earth, Turist ogFast8. Han har skreve ei rekke filmar og teaterstykke, og vert brukt hyppig som manusdoktor for diverse filmskaparar.  Kristofer har no fått fått ei hovudrolle i Beck-filmane.

Eyvind Pettersson frå Molde er styreleiar i selskapet.