Project Description

The fishing boat that conquered the ocean.

Noreg har i dag ein av verdas mest moderne fiskeflåtar som omset for milliardar av kroner kvart år. Men det var ein heilt spesiell båttype som la mykje av grunnlaget – for over hundre år sidan.

I Ålesund bysentrum foregikk det eit heilt spesielt byggeprosjekt i åra mellom 2013 – 2016. 

Midt i bysentrum har nemleg båtbyggarar frå Hardanger Fartøyvernsenter bygd ein replika av ei sunnmørsk fiskebank-skøyte frå 1880/90-åra. Det er over hundre år sidan det sist vart bygd eit skøyte av dette slaget i Ålesund, og bygginga av det unike fartøyet har krevd 600 tre og har teke nesten to år.

– Det er desse båtane som la grunnlaget for Ålesund, og for det som seinare vart det maritime klusteret og starten for Noreg som fiskerinasjon, seier Ørnulf Opdahl som var prosjektleiar i Stiftelsen Kjell Holm. Det er stiftelsen og Sunnmøre Museum som står bak bygginga av det unike fartyet som skal nyttast mellom anna i undervisningssamanheng. 

Ålesund er i dag Noregs største fiskerihavn, og område har ein av dei mest moderne havgåande, fiskeflåtar i verda. Fiskebank-skøyta vart sjøsatt sommaren 2016 og gjennom filmen til fotograf Tor Sivertstøl og regissør Gry Molvær Hivju føl vi det særeigne byggarbeidet frå det første treet vert felt til – til at segla vert heist på første tur . 

På slutten av 1800 talet var det truleg rundt 300 fiskebankskøyter – men alle forsvann gjennom ombygging, motorisering eller senking. Den nybygde replikaen i Ålesund er altså eit eneståande eksemplar av fartyet som skulle vise seg å legge grunnlaget for at Noreg vart ein av verdas fremste fiskerinasjonar.

 

Project info

Title:

Banskøyta – The fishing boat that conquered the ocean

Production company:

Tindefilm as

Length:

54.06min

Photo/Director:

Tor Sivertstøl

Director:

Gry Molvær Hivju

Producer:

Hilde Nerland

Music:

Sylvia Strand and Jonathan Gregory